Ledig stilling
Vi søkjer erfaren rekneskapsførar
50–100 % stilling | Lom og/eller Vågå
Jotunheimen Regnskap er i utvikling, og vi ønskjer å styrkje laget med ein erfaren rekneskapsførar som likar å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og skape gode relasjonar til kundane sine.
Vi ser fyrst og fremst etter deg som har solid erfaring frå rekneskapsarbeid og er trygg i faget. Statsautorisasjon er ein fordel, men ikkje eit krav. Har du lang og relevant erfaring utan autorisasjon, er du absolutt aktuell for oss.
Kva skal du jobbe med?
Du får ansvar for di eiga kundeportefølje og følgjer kundane gjennom året. Avhengig av erfaring og kompetanse kan rolla også innebere oppdragsansvar.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere løpande rekneskap, avstemming, rapportering, lønn, mva, årsoppgjer og skattemeldingar – i tillegg til kundekontakt og rådgjeving.
Vi ønskjer oss ein kollega som ikkje berre fører rekneskap, men som ser kunden, forstår verksemda og bidreg til gode løysingar.
Kven ser vi etter?
Vi trur du vil trivast hjå oss dersom du:
har solid erfaring med rekneskap, gjerne frå rekneskapsbyrå
kan handtere eigne kundar og oppgåver sjølvstendig
jobbar strukturert og nøyaktig og har god kontroll på fristar
er trygg i kundedialogen
trivst med digitale arbeidsverktøy og er nysgjerrig på korleis teknologi kan gjere arbeidskvardagen betre
likar å samarbeide og bidra til at laget rundt deg lykkast
Erfaring med landbruksrekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav.
Kvifor Jotunheimen Regnskap?
Vi er eit lokalt rekneskapsmiljø i utvikling. Ambisjonen vår er å byggje eit moderne og framtidsretta rekneskapsbyrå med sterke fagfolk, gode arbeidsdagar og nærleik til kundane.
Hjå oss skal det vere rom for både ansvar og fleksibilitet. Vi trur på tydelege roller, samarbeid og på å bruke teknologi til å gjere meir av det som faktisk skaper verdi – både for kundane og for oss som jobbar her.
Du blir ein del av eit lag der du får vere med og påverke korleis vi skal jobbe og utvikle oss vidare.
Arbeidsstad: Lom og/eller Vågå. Arbeidsstaden kan vere fast ved eitt av kontora eller fordelast mellom begge. Det er også moglegheit for noko heimekontor.
Stillingsprosent: 50–100 %
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 15. oktober
Send søknad og cv til mari@jotunheimenregnskap.no.
Ta gjerne kontakt med Mari på telefon 97 63 47 39 dersom du ønskjer ein uformell prat før du søkjer. Vi er fyrst og fremst opptekne av å finne den rette personen, og er opne for å tilpasse både stillingsprosent og oppstart.
